Fjaler sokn
Meny

Medlemskap

KALENDER

mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje
søndag 1 august
Korssundkrossen
søndag 8 august
Dale kyrkje

Inn– og utmelding     

https://kirken.no/nb–NO/om–kirken/medlemskap/

Bakgrunnen for medlemsskap i Den norske kyrkja er dåpen. For å bli medlem må ein vere døypt eller bli døypt. Ein som er døypt i ei anna kristen kyrkje, kan melde seg inn. Ein som ikkje er døypt kan ta kontakt med presten for å ordne dette. Både barn og vaksne kan bli døypt i Den norske kyrkja.

Nytt i 2016 er at du kan logge deg inn gjennom id–porten for å sjekke om du står oppført i medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Med 3,8 millionar medlemer treng kyrkja enkle og gode ordningar for å halda medlemsregisteret ajour. Derfor har Kyrkjerådet no lagt til rette for at den einskilde sjølv kan nytte bank–id eller annan elektronisk identifikasjon og rette feil direkte i databasen til medlemsregisteret. Gjennom id–porten er det opna både for innmelding i og utmelding av kyrkja.
 
I fleire år har kyrkja møtt kritikk for feil og manglar i medlemsregisteret og det er framleis nokre feil i medlemsregisteret. Nylege endringar i kyrkjelov og forskrift om innmelding i og utmelding av Den norske kyrkja er i hovudsak gjort med tanke på innføring av nettbasert løysing for inn– og utmelding.
 
Løysinga gjev brukaren dokumentasjon på dei elektroniske handlingane gjennom attestar som ein kan lagre eller skrive ut. Samstundes blir det sendt melding til det aktuelle soknet om dei innmeldingane og utmeldingane som er gjort gjennom id–porten. Den tekniske tryggleiken rundt id–porten tilfredsstiller krava til trygg handsaming av personsensitive opplysningar. 
 
Den nye løysinga er eit supplement til andre måtar å melde seg inn i eller ut av kyrkja på. Dette vil seie at folk framleis kan sende førespurnad om utmelding til det lokale kyrkjelydskontoret, og desse blir handsama på same måte som tidlegare.  

Pålogginga gjennom ID–porten gir bare tilgang til opplysningar knytta til det personnummeret som blir nytta ved pålogginga. Om du vil melde inn eller ut døypte barn som er under 15 år, må du nytte eige skjema for det. Dette gjeld også for barn mellom 15 og 18 år utan BankID. Skjema finn du her.

Du finn innlogginga til id–porten her: kyrkja.no/medlem.


Vi opplyser om desse følger av utmelding:

  • Mister stemmerett ved kyrkjeleg valg 
  • Mister retten til kyrkjeleg verv og stillinger 
  • Kan miste retten til å vere fadder 
  • Kan ikkje kreve å få sine barn døypt 
  • Kan miste retten til kyrkjeleg konfirmasjon, vigsel og gravferd. 
  • Dersom du ikkje er medlem av Den norske kyrkja, og heller ikkje er medlem av andre registrerte trus– og livssynssamfunn, må du betale dersom du likevel skulle ønskje å bruke kyrkja til ei kyrkjeleg handling som gravferd.


Personer som ikkje tilhøyrer noko trossamfunn, kan vere fadder til dåpsbarn såfremt de ikkje fornektar den kristne trua. Ein fadder skal vere vitne at barnet er døypt, og blir ikkje sletta fra kyrkja sitt dåpsregister sjølv om han/ho meldar seg ut av kyrkja.

Konfirmasjon forutsetter at konfirmanten er døpt i Den norske kirke eller i eit anna kristent trossamfunn. Udøypte kan delta i konfirmasjonsforberedelsen, men kan ikkje delta ved forbønnshandlingen på konfirmasjonsdagen.

Stadig flere unge, og vaksne, blir døypt i forbindelse med konfirmasjon. Antallet vaksendøypte er stigande i dei fleste folkekyrkjer i Europa. Ein blir ikkje automatisk medlem i kyrkja ved å konfirmere seg, men kan melde seg inn på vanleg måte om ein ønskjer det.

Økonomisk har kyrkjemedlemskapet ingen personlege følgjer. Det er ikkje kyrkjeskatt i Norge. Alle registrerte trus– og livssynssamfunn mottar støtte pr. medlem fra stat og kommune tilsvarende bevilgningene til Den norske kirke pr. medlem.

Har du spørsmål om medlemskap, kan du gjerne ta kontakt med kyrkjekontoret.

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.