Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Vigsel

KALENDER

søndag 25 april
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 2 mai
Dale kyrkje
søndag 9 mai
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje


Vil du gifte deg i kyrkja?

  1. Kontakt kyrkjekontoret for å avtale dato og klokkeslett.
  2. Last ned skjema "Vi ønskjer kyrkjeleg vigsel" her.
  3. Søk skattetaten.no om prøving av ekteskapsvilkår.

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Frå juni 2018 kan de søke om prøving av ekteskapsvilkår digitalt på skattetaten.no.
Dersom brudeparet har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan forlovarane logge inn på skatteetaten.no og fylle ut forlovarerklæringa.
Behandlingstida kan vere inntil tre veker. Men ikkje fyll ut skjemaa meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader. Eventuell namneendring ordnar du også digitalt.
Når søknaden er godkjend, blir prøvingsattesten utferda i Altinn og de må vidaresende han til vigslaren. De vel sjølve om attesten skal sendast vidare digitalt, eller som brevpost. Ein kan vareta informasjonstryggleiken til personopplysningane i attesten ved å sende han vidare i ein kryptert e–post, eller ved å sende han i ein lukka konvolutt.
Skatteetaten.no


Vigselattest

Etter vigselen får brudeparet med seg ein mellombels vigselattest, men det er folkeregisteret som skriv ut den eigentlege vigselattesten.  Kyrkjekontoret melder frå til folkeregisteret om at vigselen har funne stad.

Når det gjeld utskrift av eldre vigselattest, er regelen at den som prøvde ekteskapsvilkåra skal skrive ut attest.  Dei som gifta seg før 1. oktober 2004 kan få ny vigselattest frå kyrkjekontoret, mens dei som gifta seg etter lovendringa skal vende seg til Folkeregisteret viss dei treng ny vigselattest.  Kyrkjekontoret kan ikkje skrive ut vigselattest for folk som gifta seg etter 1. oktober 2004.

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.