Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Barn og unge

KALENDER

søndag 25 april
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 2 mai
Dale kyrkje
søndag 9 mai
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje

Trusopplæring i Fjaler

Foreldre og fadrar har ansvaret for å lære barna opp i den trua dei er døypt i. Dei aller viktigaste erfaringane med tru får barna heime. Kyrkja ønskjer å vere medspelar og ressurs for foreldra i den kristne oppsedinga. "Størst av alt" er kyrkja sitt program for trusopplæring. 
 
Trusopplæring for born og unge er viktig – ikkje minst for å kunne gje dei reiskapar i møte med trua og religiøs praksis. Innbyding blir sendt til dei som er døypte, men også andre barn kan vere med. Ta gjerne kontakt med Knut Arne viss du lurer på noko.

I Fjaler blir barn invitert på følgjande aktivitetar:

Dåpsfasen
Gjennom dåpssamtale, dåpsperm, dåpsgudsteneste og babysong får kyrkja eit første møte med familiane. Babysong er eit tilbod i samarbeid med kulturskulen og helsestasjonen, med to familiesamlingar på Ljosheim der også søsken og familieelles kan vere med.

2–åringar
Samling på Ljosheim ein laurdag i januar – i året etter dei fyller 2 år. Besteforeldre er også hjarteleg velkomne til å vere med. Barna får utdelt Mi Kyrkjebok 2.

4–åringar
Samling i kyrkja/kapellet ein laurdag i november med gudsteneste og «orgelbrus» dagen etterpå. Barna får utdelt Mi Kyrkjebok 4 og tilhøyrande aktivitetshefte.

1. klasse
Dåpsskule to torsdagar i september etterfølgt av ei laurdagssamling i kyrkja og deltaking på hausttakkefest. Barna får utdelt CD innspelt av Dale barnekor, Mi Kyrkjebok 6 og tilhøyrande aktivitetshefte.

3. klasse
Påskevandring i kyrkja/kapellet på laurdag og barnas påskegudsteneste på søndag. Barna får utdelt i bok om påske.

4. klasse
GT–agentar (gudsteneste–agentar) – barna oppdagar og utforskar gudstenesteliturgien. Ei samling og ei gudsteneste i mars.

5. klasse
«Minikonfirmantane» lærar om Bibelen – Den store forteljinga.
2 samlingar på vekedagar og ei gudsteneste i januar eller februar. Barna får utdelt Teikeseriebibelen.

Tiltaka for 3.–5. klasse går kvart år for dei som soknar til Dale kyrkje (Dingemoen og Flekke skular), men for Guddal og Våge skulekrinsar slår vi saman tiltaka slik at alle som går i 3. – 5. klasse kvart år får invitasjon til enten påskevandring, GT–agentar eller Den store forteljinga.

8. klasse
Middag og misjon
Eit opplegg om misjon i samarbeid med NMS. Det er fokus på kyrkjelydens misjonsprosjekt som er Det norske misjonsselskap sitt arbeid i Midtausten. Vi serverer ein god middag.
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.