Fjaler sokn
Meny

Dåp

KALENDER

søndag 24 oktober
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 31 oktober
Straumsnes grendahus
torsdag 4 november
Ljosheim
søndag 7 november
Folkestad bedehuskapell
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 21 november
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
lørdag 27 november
Dale kyrkje
søndag 28 november
19:00 Lysmesse
Dale kyrkje
torsdag 2 desember
Askvoll kyrkje
søndag 5 desember
16:00 Lysmesse
Guddal kyrkje
19:00 Lysmesse
Hellevik bedehuskapell
fredag 10 desember
Dale kyrkje

Daap2020

Eit felles ja
Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.
http://www.fjaler.kyrkja.no/img/20_01_2017_trusopplaering/Daapsannonse_Odin.jpg





Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier og ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen. Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre. Gjennom dåpen blir vi alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge.

Pga smittervernreglane kan det bli eigne dåpsgudstenester dersom dåpsfylgjet tel mange personar eller lokalet er lite.

Ta kontakt med kyrkjekontoret ved å sende epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no eller ringe 57739770 for å avtale dato eller for å få vite meir om dåp.

Påmeldingsskjemaet finn du her: Påmelding til dåp.

Velkomen til dåp!

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: