Fjaler sokn
Meny

KALENDER

mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje
søndag 1 august
Korssundkrossen
søndag 8 august
Dale kyrkje

Ledige stillingar i Dale

To ledige stillingar:
Kyrkjetenar i Dale kyrkje - 30%
Reinhaldar på kyrkjekontoret, Ljosheim og redskapshuset - 10%

Stillingane kan kombinerast.
Søknadsfrist 21. mai 2021.

Heile utlysing i pdf-format.

Dale kyrkje i Fjaler treng KYRKJETENAR inkludert reinhald av kyrkja 
30 % stilling er ledig.  Søknadsfrist 21. mai 2021. 
 
Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til god trivsel for alle som kjem til kyrkja. 

KYRKJETENAREN 
? skal vere til stades ved alle arrangement i kyrkja - gjere teneste ved alle gudstenester 
(28), skulegudstenester (6), konsertar (ca. 3) vigsler (ca. 2) og gravferder (ca. 25).  
? Gjere teneste ved Dale kyrkje, men må og kunne gjere teneste ved dei andre gudstenestestadane i Fjaler sokn 
? Må disponere bil 
 
TENESTER 
• Gudsteneste annankvar søndag – oftast kl. 11.00, men og kveldsgudsteneste kl. 19.00.  
• Konfirmasjonsgudstenester på laurdagar i april/mai 
• Gudstenester ved alle høgtider; jul, påske og pinse  
• Barnehage – skulegudstenester 
• Konsertar både i helgar og i vekene 
• Vigsler på laurdagar 
• Gravferder på yrkedagar, flest på tysdag og fredag 
• Reinhald og tilsyn av kyrkja er ein viktig del av stillinga.  
 
ARBEIDSOPPGÅVER 
? Reingjering etter behov – kyrkja skal alltid vere ryddig og rein  
? Gjere kyrkja klar til arrangement etter eigne rutinar for kyrkjetenar 
? Klargjere lydanlegg, overføring av lyd til sjukeheimen, PowerPoint, tekst m.m. 
? Kunne ta del i å styre PowerPoint  
? Klargjere ekstra mikrofonar til bruk i gravferd 
? Sørge for smitteverntiltak: tilgang til handsprit, avstandsregulering i.h.t smittevernvegleiar, deltakarliste m.m. 
? Ettersyn av kyrkja og av inventar og utstyr 
? Møte seinast 1 time før arrangementet 
? HMT og brannansvarleg 
 
KVALIFIKASJONAR 
Kyrkjetenaren må vere 
? medlem av Den norske kyrkja. 
? serviceinnstilt, venleg og omgjengeleg 
? sjølvstendig, pliktoppfyllande, punktleg, ryddig, høfleg, og ha gode samarbeidsevner.  ? fleksibel 
 
Det er ikkje formelle krav til utdanning, men det vil bli lagt stor vekt på personleg eigenskapar og interesse for oppgåvene sidan kyrkjetenaren er kyrkjas ansikt utad i møte med andre. 
 
TILSETJING 
Tilsetjing, løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i KA`s tariffområde.   30 % av årsverk: 1846 t = 554 t. Stillingskode 5137, lønsgruppe 1 Tillegg for arbeid på kveld, helg og ved høgtider. 
Pensjonsordning i KLP der tilsette vert trekt 2% av brutto løn.  
 
ANNA 
Kyrkjeverje er næraste overordna. 
Prest er arbeidsleiar ved kyrkjelege handlingar. 
 
INFORMASJON OG SØKNAD 
For meir informasjon – ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde tlf. 57739771 / 99238420. 
Søknadsfrist  21. mai 2021. 
Søknad med referansar sendes til Fjaler sokn: irene.flode@fjaler.kyrkja.no eller til Fjaler sokn, Dalstunet, Dalsvegen 105A, 6963 Dale i Sunnfjord.  
 
 
Fjaler sokn treng og 
REINHALDAR i 10% stilling. 
Reinhald av kyrkjekontor, Ljosheim, reiskapshus. 
Same kontaktinfo og søknadsfrist som kyrkjetenarstillinga. 
 
Dei to stillingane kan kombinerast.  
 

Av: Joy   Publisert: 27-04-2021
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.