Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Framsida

KALENDER

søndag 25 april
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 2 mai
Dale kyrkje
søndag 9 mai
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje

Kyrkjetenarar ønskes!


Har du lyst til å hjelpe oss med avvikling av gudstenester?

Å vere kyrkjetenar er eit svært viktig og meiningsfylt arbeid der dine tenester er høgt verdsette.

Vi har ei flott kyrkje i Guddal men frå 1. april har vi ikkje lenger kyrkjetenar, då Stig Moltemyr har sagt opp. 

Dette gjeld òg i ytre Fjaler, i Folkestad og Hellevik kapell vil vi mangle kyrkjetenar.

Dette kan vere tilleggssyssel for nokon som er i deltidsstilling, gardbrukar, pensjonist eller ungdom som går dei siste åra på ungdomsskulen eller vidaregåande. 

Gudstenester på søndagar og heilagdagar, årleg:
Guddal kyrkje 12, Folkestad kapell 18, Hellevik kapell 4.

Gravferder har vi på tysdag og fredag. Er du skuleungdom eller er på anna arbeid, må vi finne ei alternativ løysing for avvikling på gravferdsdagen, men du må gjere tilrettelegginga på førehand. 

Gjennomsnitt tal gravferder pr år 
Guddal 2, Folkestad 4 og Hellevik 3.

Ansvar for reinhald og tilrettelegging av kyrkja til kyrkjelege handlingar. Vere kyrkjetenar ved kyrkjelege handlingar. Desse to oppgåvene kan eventuelt delast på to personar. 

Ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde tlf. 99238420 om du tenkjer at dette er noko for deg. Vi følgjer KA sin tariffavtale og elles gjeldande lov og regelverk.

Av: Joy   Publisert: 23.03.2021
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.