Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Framsida

KALENDER

søndag 25 april
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 2 mai
Dale kyrkje
søndag 9 mai
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje

Har du vaska deg påskerein?

Ingen har vaska mine føter sidan jeg var barn. Det vil eg helst gjere sjølv.  

Jesus fall på kne framfor føtene til læresveinane og vaska dei reine. Peter likte det ikkje.   
  
Det er eit høgt ønske å kunne klare seg sjølv og stelle seg sjølv.  

Det hender i menneskelivet at andre må vaske vår kropp. I vaksen alder kjenner vi at slike situasjonar utfordrar oss.  Det kjennest som å overgi seg – overgi seg bokstaveleg talt i andre sine hender.  

«Vaskar du mine føter, Herre?  Aldri skal du vaska føtene mine,» sa Peter.
Å la seg vaske av Herren er å overgi seg i hans hender.      

I Matteusteksten for langfredag står det:  «Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa:  ‘Eg har inga skuld i blodet til denne mannen.’»

Det blir ikkje det same når vi vil vaske oss sjølv, slik Pilatus prøver å gjere.  Å rettferdiggjere seg sjølv.  Denne forma for vask, verkar stikk motsatt.  

Når himmelens Gud går ned på kne, som ein tenar, gir det derimot meining.  

I Guds auge er vi altså verdt å elske, trass alle våre feil og manglar, ja til og med å gå ned på kne for!

Og så seier Jesus:  «Slik eg har gjort mot dykk, skal også de gjere mot kvarandre.»  

Enkelt og greit, og veldig vanskeleg.  


God påske!
Knut Arne Kummeneje

 

Av: Joy   Publisert: 31.03.2021
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.