Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Framsida

KALENDER

søndag 25 april
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 2 mai
Dale kyrkje
søndag 9 mai
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
mandag 17 mai
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 23 mai
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 30 mai
19:00 Konsert
Dale kyrkje
søndag 6 juni
Hellevik bedehuskapell
Dale kyrkje
søndag 13 juni
Guddal kyrkje
søndag 27 juni
Dale kyrkje
søndag 18 juli
Dale kyrkje

Frå Via Dolorosa til Via Lucis

Å gå i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gamal tradisjon. Allereie i på 400-talet var hadde dei krossvandring i Jerusalem. Då gjekk dei den same ruta som Jesus følgde då han bar krossen mot døden på Golgata. I mellomalderen vart det vanleg å lage til krossvandringar overalt i Europa. Dei stogga ved 14 stasjonar. På kvar stasjon var det eit bilete av ein hending i Jesus si lidingssoge.

Krossvandringa vår, Via Dolorosa, begynner ved kyrkjegardsporten og fortset ned mot elva. Plansjane vert ståande fram mot påske. Frå palmehelga kjem det i tillegg lysvegen Via Lucis, som vi brukte for første gong i fjor. Denne har òg 14 stasjonar og fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode.  Via Lucis vil begynne der Via Dolorosa tek slutt og fortsette rundt kyrkja og tilbake til porten.

 

https://fjaler.kyrkja.no/img/14_07_24_Nyheter/Via_Dolorosa_2021_IMG_5778web.jpg
Kunstnaren Magne V Kristiansen held til på Blakset i Stryn. Han har laga heilt nye bilete som kan brukast til krossvandring. Stryne-verksemda FluorLux produserer plastplansjar i A3-format. Kvar plansje har eit bilete og ein bibeltekst frå Jesus si lidingssoge. Bibeltekstane er for det meste henta frå Bibelselskapet sin nye utgåve «Lukas – lett å lesa». Det er Balestrand sokneråd som gjev ut plansjane.
 

Av: Joy   Publisert: 19.03.2021
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.