Fjaler sokn
Meny

KALENDER

søndag 24 oktober
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 31 oktober
Straumsnes grendahus
torsdag 4 november
Ljosheim
søndag 7 november
Folkestad bedehuskapell
Dale kyrkje
Guddal kyrkje
søndag 21 november
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
lørdag 27 november
Dale kyrkje
søndag 28 november
19:00 Lysmesse
Dale kyrkje
torsdag 2 desember
Askvoll kyrkje
søndag 5 desember
16:00 Lysmesse
Guddal kyrkje
19:00 Lysmesse
Hellevik bedehuskapell
fredag 10 desember
Dale kyrkje

Dåpsgåva

I året som ligg framfor oss, vil vi i kyrkja gi dåpen ekstra merksemd.
Kva har vi i dåpen? Kvifor skal vi døypast?

Heilt sidan Jesus bad oss om å døype, har menneska søkt dåp.
Dåpen er eit mysterium. Ord kan ikkje fullt ut beskrive det som skjer.
Vatnet blir aust opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande.
Ved evangeliet, det levande Ordet, blir vatnet ei nådekjelde. Dåpen gir
oss del i påskeforteljinga om Jesus som døydde og stod opp av grava.
Tradisjonen vår er å bere barn til dåpen. Vi feirar det nye livet og legg
barnet i Guds hender. Foreldre gjer mange val for barna sine. Når eit barn
blir døypt, svarer foreldra og fadrane ja på vegner av barnet. Men det er
aldri for seint å bli døypt. Når ungdom og vaksne blir døypte, svarer dei
sjølve ja. Også då står fadrar klare til å hjelpe den døypte til å leve i dåpen
og trua på Jesus. Bibelforteljingar, bøn, nattverd og tilhøyrsle i kyrkja er
ein del av dåpsvelsigninga.


Vatnet i den kristne dåpen er eit teikn som rommar både liv og død.
Vatnet er livsgrunnlaget vårt og samtidig ein trussel. Når vi feirar dåp, set
vi derfor òg ord på og tek avstand frå det som er vondt og imot Guds vilje.
Det gjer vi i fellesskap når vi forsakar djevelen og vedkjenner oss trua.
Dåpen skjermar oss ikkje mot vondskap, synd og destruktive krefter. Han
gir oss eit løfte og eit håp om at livskreftene er sterkare, og at Gud tilgir
oss og reinsar oss for all urett.

Livet fører oss opp og ned. Vi er både sterke og sårbare og treng å høyre til
i ein samanheng. Kor ulike vi enn er, i dåpen blir vi eitt på tvers av alt som
skil oss. Dåpen gir oss fellesskap med Kristus og med kristne søsken i den
lokale kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja. Dette fellesskapet strekkjer
seg over tid og rom, for det er éi tru, éin dåp og éi kyrkje. Det vi får i
dåpen, gir oss mot og styrke til å elske Gud og nesten vår.

Dåpen er ei gåve frå Gud, gitt av nåde, tre handfuller vatn, auste opp i
namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande til evig liv. Vi går framtida
i møte saman med Kristus.

Bispemøtet 12. januar 2020
Foto: Bo Mathisen

Av: Joy   Publisert: 10-01-2020
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no: