Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Framsida

KALENDER

søndag 7 mars
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 14 mars
Dale kyrkje
søndag 21 mars
Dale kyrkje
tirsdag 23 mars
Dale kyrkje
torsdag 1 april
Guddal kyrkje
fredag 2 april
Dale kyrkje
søndag 4 april
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 11 april
Guddal kyrkje
Folkestad bedehuskapell
søndag 18 april
Dale kyrkje
søndag 2 mai
Dale kyrkje
søndag 9 mai
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus

Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!

4 Mos 6,25-26


Vaner_som_forebygger_smitte_-_nynorsk.png
Faste, tilviste plassar
No er det kome nye reglar for kor mange vi kan samle i kyrkjene våre. Den største endringa denne gongen er det nye kravet om «faste, tilviste plassar». I følgje Helsedirektoratet inneber dette kravet:
• «Fast» betyr at deltakarane skal sitte på tilviste plassar under heile arrangementet og ikkje bevege seg rundt i lokalet, utover ved nødvendige toalettbesøk eller liknande (f.eks. til dåp, nattverd osv.).
• «Plass» betyr at deltakarane må sitte på et sete/benk/golvteppe e.l. Plassane bør vere plassert for å unngå ansikt-til-ansikt-kontakt. 
• «Tilvist» betyr at plassane enten er nummererte eller at verter/vakter viser deltakarane til nærmare bestemte plasser.

Dersom eit arrangement blir gjennomført med faste, tilviste plassar, kan det vere maksimalt 100 deltakar til stede. Medverkande kjem i tillegg. Alle til stade skal kunne halde ein meters avstand. 2 meters avstand er anbefalt ved innandørs allsong. Avstand skal målast skulder til skulder i alle retningar.

Dette vil seie at ingen av kyrkjebygga i Fjaler har plass til 100 deltakarar med dagens krav til avstand. Men likevel er det plass til ganske mange. Kom i god tid og hald avstand til andre, så får du tilvist ein trygg plass å sitte. Folk i same husstand kan sitte i lag.

Velkomen i kyrkja!
Les mer
Daapsannonse_Odin.jpg
Velkomen til dåp!
Eit felles ja
Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.

Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.


Les mer
kross_glassmaleri.jpg
Alternativ soknemøte
Ordninga med soknemøte har eksistert heilt sidan 1873. Føremålet er at ein samla kyrkjelyd, gjennom eit allmøte, skal kunne uttale seg om viktige saker. På grunn av koronarestriksjonar kan vi ikkje halde fysisk soknemøte. Kyrkjerådet har gitt råd om at det kan gjerast på nett. Vi har valt å leggje ut sakene her på nettsida. Er du medlem i DNK og busett i Fjaler, kan du gje tilbakemelding på dei følgjande sakene: Lokal grunnordning for hovudgudsteneste i Fjaler 2021 og Konfirmasjonsgudstenester på laurdagar. Klikk på biletet eller på "les mer" for å sjå sakene.

Frist for tilbakemelding til Fjaler sokn i begge saka er torsdag 25. februar 2021:
  • På epost til joy.taylor@fjaler.kyrkja.no
  • Eller brev til Fjaler sokn, Dalstunet, Dalsvegen 105A, 6963 Dale i Sunnfjord
Les mer
hender_med_lys.jpg
Bønering
Kyrkja i Fjaler startar bønering annakvar veke etter haustferien. Samlingane vil vere på føremiddagstid og første samling vert torsdag 15. oktober kl. 11.00.

Synest du bøn er godt i kvardagen?
Ber du i ny og ne, kanskje dagleg, og synest det kan vere godt å be saman med andre? Eller kanskje du har tankar rundt krafta i bøn?
Kan hende er bøn ein framand og utenkjeleg tanke?
Kom og prøv!

Bøneringen er open for alle. 
Dei fleste av oss undrar oss på mangt og mykje.
Utan at vi må fortelje det kvar og ein av oss har på hjartet av gleder og sorger i kvardagen, er vi saman i bøn for den enkelte. Og, vi kan takke!

I Bibelen seier Jesus, at der to eller tre er samla i hans namn, er han midt iblandt oss.
Det er godt å tenkje på!

Vil du vite meir, så ring: Liv Sandsund tlf. 48291933.

Les mer
hender_pixabay-1327811_640.jpg
Gratulerer! Du har vunne i verdslotteriet!
Eg er heldig som er født i Noreg.  Eg kunne ha blitt født i eit fattig land.  Flaks at eg vann denne gongen – den store premien – å bli født i Noreg.  For her er det nok av pengar.  Her er det nok av valmoglegheiter og luksus.  Og det er heldigvis eit system som fangar meg opp dersom eg ikkje klarer å ta vare på meg sjølv.

I diktet Du må ikke sove, skriv Arnulf Øverland:
Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Les mer
kyrkjekaffi_P1080256.jpg
Vi skal møtast
Vi skal møtast
når dette er over,
ved eit bord
i ein smekkfull kafé,
i ei kyrkje,
i midtgangens vrimmel
mot Guds alter
og det som skal skje.
Vi skal feire
Og syngje
og le.

Vi skal gje til kvarandre
eit løfte,
at vi møtast
når vegen er gått.
Når det mørke og vonde er bak oss
Når den prøva vi fekk,
er bestått,
skal vi dele det svar
vi har fått.

Men alt no
veit vi svaret,
vi veit det.
Det å elske kvarandre
er alt,
bere bører når ein har for mykje,
halde oppe
når nokon har falt.
Til å elske,
til det
er vi kalt.

Les mer
Bibelord_og_boner.jpg
Hefte med bibelord og bøner

Sokneprest Knut Arne Kummeneje har laga eit hefte med bilbelord og bøner som du kan laste ned og bruke heime.
Klikk her for å sjå eller laste ned heftet.

Les mer
lys_i_Dale_kyrkje_Joy_Taylor.jpg
Bøn i desse tider
Herre Jesus Kristus,
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.
Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.

Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. Lat dei få att helsa.
Beskytt dei som har lågt immunforsvar, frå å verte smitta.
Kom med din fred til dei som er redde. 

Verna dei som arbeider i helsevesenet og omsorgstenestene, så dei ikkje vert smitta.
Vi bed for skuleelevar, familiar og verksemder som vert ramma hardt av denne epidemien. 
Gje visdom til styresmaktene i kommunen vår, i Noreg og i verda til å handtere denne situasjonen.
Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.

Miskunna deg over oss, Herre Jesus. 

Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
for piler som flyg om dagen,
for pest som fer fram i mørkret,
for plage som herjar ved middagstid.

Salme 91, 5-6


Les mer
800px-Den_norske_kirkes_vaapen.svg.png
Årsrapport for Fjaler sokn 2019
Du kan lese årsrapporten ved å klikke her.
Les mer
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.