Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
24 Mars
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
07 April
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
09 April
20:00 Musikkandakt, Dale kyrkje
18 April
19:30 Gudsteneste, Guddal kyrkje
19 April
11:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
19:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
21 April
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
19:30 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
22 April
11:00 Institusjonsgudsteneste, Fjaler sjukeheim
27 April
18:00 Andre kulturarr. ekstern, Dale kyrkje
28 April
11:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
05 Mai
10:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Dale kyrkje
12:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Dale kyrkje

  Utskriftsvennlig side


Dale kyrkje i Fjaler
 

  Dale kirke vasspeil Dale kyrkje i Fjaler er ei romsleg kyrkje med plass til 550 menneske. Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1864. Til 100 årsjubileet i 1964 vart kyrkja resaturert. Då vart tømmerveggane avluta, det vart lagt nytt golv og kyrkjebenkane vart utskifta. Koret er åttekanta men kyrkja har knapt våpenhus.

Også i Dale har det stått kyrkjer tidlegare. Første gongen vi finn Dale kyrkje nemnd i skriftlege kjelder, er i Bjørgvin Kalveskinn frå om lag 1350. Dette var truleg stavkyrkja som vart riven i 1593. Den førre kyrkja sto truleg frå 1594 til 1864. Årstalet 1594 står inngravert på den eldste kyrkjeklokka som heng i tårnet. 

Orgelet er frå 1983 og er eit veldig godt orgel bygd av Bruno Christensen. Elles har ein sidan 1996 fått installert brannalarm, elektrisk ringing og ny elektrisk hovudtavle. Ny kyrkjeløpar vart gjeven som gåve. Den eine lysekruna, som sidan 1964 hadde stått nedstøva og sund på eit loft, vart restaurert tilbake til det opphavelege med levande lys av Asbjørn Igelkjeøn. Den heng no mellom dei to med elektrisk lys og vert tent ved lysmesse og nokre kveldsarrangement i den mørke årstida.

Altartavla er frå 1864 måla av Anders Askevold og viser Jesu oppstode. I tillegg har kyrkja ei gamal altartavle frå 1620 som no heng på skrå framme i kyrkjeskipet.


Inventar

 Dale kirke - Altertavle  Dale kirke - Lysekrune  Dale kirke - Døpefont



Nettside: Fylkesleksikon

Nettside: Dale kyrkje meir

 

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Vipps: 557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no