Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Framsida

KALENDER

søndag 6 desember
16:00 Lysmesse
Guddal kyrkje
19:00 Lysmesse
Folkestad bedehuskapell
søndag 13 desember
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
fredag 18 desember
Dale kyrkje
torsdag 24 desember
Folkestad bedehuskapell
Guddal kyrkje
Dale kyrkje
fredag 25 desember
Dale kyrkje
torsdag 31 desember
Dale kyrkje
søndag 10 januar
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
torsdag 14 januar
søndag 17 januar
Dale kyrkje
søndag 24 januar
Guddal kyrkje

Maks 50 personar i kyrkja

Etter ein periode då det var lov å ha arrangement med opptil 200 menneske, er vi tilbake på 50. Dette gjeld for alle arrangement, også gravferder. Det er framleis ikkje påmelding for dei fleste gudstenester, men vi lagar ei namneliste over dei frammøte i tråd med covid-19-forskriften §13. Namnelista blir makulert etter 14 dagar og vert ikkje brukt til andre formål enn smittesporing (om det skulle vere nødvendig).

Jul
I skrivande stund er det ingen som veit korleis jula blir, men vi planlegger både julekonsertar og gudstenester. På sjølvaste julaftan blir det påmelding. Påmeldinga vil begynne mandag 21. desember og vil bli kunngjort på
www.fjaler.kyrkja.no, på Facebook og i Firda.

Satsing på gudstenester og andaktar på nett har vore vellukka og vil fortsette. NRK har gudstenester på radio og TV. Du kan finne gudstenester og andaktar her:
https://www.facebook.com/dennorskekirke/
https://www.facebook.com/bjorgvinbispedome/

Dåp, vigsel og gravferd
Det kan bli eigne dåpsgudstenester dersom dåpsfylgjet tel mange personar eller lokalet er lite. For å melde dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret. Gravferd og vigsel kan gjennomførast på same måte som ved andre kyrkjelege handlingar.


VIKTIG! Du skal ikkje gå inn i lokalet dersom du:
- har symptom på luftvegsinfeksjon, som rennande nase, feber, sår hals, hoste eller pustevanskar.
- har vore i kontakt med nokon som har fått stadfesta koronavirus-smitte.
- har vore i utlandet og det er mindre enn 10 dagar sidan heimkomst.

Inne i lokalet skal følgjande reglar følgjast:
- Maksimum 50 deltakande som sit med minimum 1 meter avstand. (Avstandsregelen gjeld ikkje folk frå same husstand.)
- Unngå handhelsing, omfamning eller på annan måte ha direkte kontakt med andre.
- Host i papirlommeduk (kast i søppel etterpå), host i olbogekroken om du ikkje har lommeduk.
- Vask hendene etterpå. Syt for god handhygiene elles. Alt dette for å hindre smitteoverføring.

Velkomen i kyrkja!

Av: Joy   Publisert: 13.11.2020
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.