Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
27 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
04 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
18 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
01 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
15 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
22 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
29 November
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Desember
16:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Du er ei gåve

I ei mursteinskyrkje eg veit om, har dei skikken med at konfirmantane på oppstartsdagen vert bedne om å velje ein av dei mange små steinane som dei kan sjå at kyrkja er bygd opp av. Denne steinen kan dei sidan vita om, og la følgja seg gjennom året. Og for den del vidare gjennom livet. Kvar gong blikket streifar den steinen, anten den sit høgt eller lågt i kyrkja, kan dei tenka: «Der er steinen min.» 

Det handlar om å ha eit teikn på å høyre til. Å få ha ein heim i kyrkja: "Dette er min plass òg".

Det får meg til å tenkja på at dei mange steinane som utgjer kyrkjebygget er ikkje berre DEL av byggverket. Til saman ER dei også byggverket. 

Og det minner om at Bibelen omtaler oss som "levande steinar". Saman utgjer vi eit byggverk: Kyrkja er ikkje først og fremst eit hus av stein eller tre – kyrkja er eit byggverk, samansett av menneske!

La oss tenke oss at konfirmantane eg fortalde om hadde teke sin stein og gått sin veg. Hamra den ut, teke den med, og gått: "Den er min - eg gjer med den som EG vil". Hadde kyrkja tålt det? I første omgang ja. Det hadde ikkje blitt så pent, men det hadde nok gått greitt. Men i andre omgang - om det er greitt for den eine, så må det få vera greitt for den andre og. Og for den tredje, fjerde, tusende og titusende. Då ville alt til sist rasa. 

Derfor er det slik at om berre ein stein skulle mangla, så er det nettopp ein mangel det er. Kvar og ein høyrer til, kvar og ein har sin plass å fylle i byggverket.

Slik er det også med oss som ikkje er steinar, men menneske som er kalla til å leve våre liv for Gud og saman med Gud. 

Denne søndagen høyrer vi Jesus fortelja om tre tenarar. Og Jesus har noko på hjartet til oss: 

Ikkje fall for fristelsen til å tru at din stein i muren ikkje spelar nokon rolle!
Du har fått ditt liv, dine krefter, di tru, ikkje til eigedom, men til forvaltning.
Å forvalta noko betyr å bruka noko å styra noko på vegne av den som eig det, så lenge ein får ha det.
Vi er forvaltarar over det livet Gud har gitt oss, og det er ei gåve av uendeleg verdi.
Gåve som ikkje var meininga skulle gravast ned, men som skal brukast i teneste for kvarandre og for Gud.
I kyrkja, javisst. Men også i familieliv, arbeid og næring, og i samfunnslivet.
Alle stader vi ferdast ber med seg moglegheit til å tena Gud og medmenneska våre med glede. 

Så la oss be: 
Gje oss visdom og mot til å forvalta det vi har fått av deg,
så livet vårt kan bera frukt som varer,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre. Amen.

bibel.no

  
Av: Joy   Publisert: 28.08.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no