Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
27 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
04 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
18 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
01 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
15 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
22 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
29 November
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Desember
16:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Ver ikkje urolege

Helgetankar frå Audun Systad, sokneprest i Hyllestad 

For dei aller fleste av oss har dette blitt ein Norges-ferie. For mange og like i det nære. Sjølv har eg hatt gleda av å bruke båt i dei vakre omgjevnadane i Ytre Sogn og Sunnfjord; fiska litt, gått på fjellturar, oppdaga beitande dyr, majetetiske ørnar sett flotte solnedgangar, og også sett på vegetasjonen og vakre blomstre. Biletet syner desse fine blomstene som har klora seg fast i ei fjellhylle på vestsida av øya Losna i Solund; der eg ein kveld låg og fiska.

I teksten denne søndagen talar Jesus til læresveinane om den praktiske omsorga vår himmelske Far har for sitt folk. Han talar om fuglane under himmelen, og liljene på marka; nettopp om alt det fantastisk vakre i Guds skaparverk. Det er så mange små og store under i naturen; som og vakre blomstre ved ei barsk fjellhylle er! Jesus ville nok  ha sagt det samme til oss her.

Like fullt visste han at det er så lett å miste fokus, og late uroa for dei mange ting bli det som tek plassen. Han underviser om kva som bør ha førsteprioritet i livet, slik at hjartet kan vere udelt, for ingen kan tene to herrar, seier han. Teksten tek ikkje frå oss ansvaret me har for å skaffe oss og våre kjære mat, klede og tak over hovudet, men teksten stokkar om på rekkefølgja. Den åtvarar mot fokuset på alt det materielle,  og dermed vårt overforbruk, som no og har ført til slitasje på jordkloden vår.

Ver ikkje urolege! Det er litt av nokre ord i desse corona-tider, då me kjenner på uvisse på ein heilt spesiell måte! Samstundes vert denne teksten og desse orda frå Jesu munn veldig aktuelle nett no. Dei minner om kva skattar som til sjuande og sist er dei viktigaste. Bøna for denne søndagen summerer det opp veldig treffande: «Trufaste Gud, du kan aldri kan gløyma borna dine, og du veit kva vi treng. Vi bed deg: Fri oss frå angst og uro og lær oss å leva i tillit til di omsorg, så vi søkjer ditt rike, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve» Me vert oppfordra til å ta lærdom av liljene på marka- og blomstene ved Losna. Me vert oppfordra til å kvile i Guds gode famn, og søkje Guds rike og hans rettferd først. Midt i dei mange ting som kan gjere oss urolege i denne tida, kan det likevel spire noko godt ut av det vanskelege. «Alt skal bli bra» har det blitt sagt fleire gonger. Det er godt å ha det håpet. Då er det viktig å ha fokus på kven som kan gjere det. I vår skreiv  Hans Olav Mørk ein fin sang som gjev håp spesielt i desse corona-tider. Den lyder slik:

VI SKAL MØTES NÅR DETTE ER OVER
Vi skal møtes når dette er over,
ved et bord i en smekkfull kafé,
i en kirke, i midtgangens vrimmel
mot Guds alter og det som skal skje,
vi skal feire og synge og le.

Vi skal gi til hverandre et løfte,
at vi møtes når veien er gått,
når det mørke og vonde er bak oss,
når den prøven vi fikk, er bestått,
skal vi dele det svar vi har fått.

Men alt nå vet vi svaret.
Vi vet det. Det å elske hverandre er alt,
bære byrder når en har for mye,
holde oppe når noen har falt.
Til å elske, til det er vi kalt.

God helg og velsigna haust!

Søndagsteksten:
Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.
Mat.6,24-34 bibel.no

  
Av: Joy   Publisert: 21.08.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no