Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
27 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
04 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
18 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
01 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
15 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
22 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
29 November
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Desember
16:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Alle velkomne!

Er det kanskje eit litt forslitt uttrykk? Det står ofte nedst i annonsar og på plakatar, og ofte i bruk når det gjeld kyrkjelege og kristelege arrangement. Mest som ei standard avslutning på informasjon om samkomer og hendingar. Så har vi vore gjennom ei tid der det har vist seg at det slett ikkje er sjølvsagt at alle kan vere velkomne heile tida. Mange er dei sørgjande som i korona-tida har fått ei ekstra belastning i sorga, då dei ikkje kunne skriva «alle velkomne» i gravferdsannonsen. 

Slik har dei siste månadane vore ei påminning om at «alle velkomne» gjerne ikkje er forslitt eller utbrukt likevel, men tvert imot svært viktig for oss: Å vita at vi er velkomne.
Og bruken av uttrykket i kyrkjeleg samaheng har ei viktig rot! Nemleg den opne og totalt inkluderande invitasjonen frå Jesus sjølv, om at Guds rike er ope for oss.

«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Matteus 11, 28-30

Eg høyrde ein gong ei dame fortelje om at ho trudde dette med at alle var velkomne, og at det ofte var gratis mat på kristne arrangement, gjorde til at ho i dag – som vaksen- var ein kristen. 
For då ho var barn hadde ho – av grunnar knytt til oppveksten sin – hatt gode grunnar til å søke til samlingar der det var gratis servering. 

Om ikkje me kan kjenne oss heilt att i dette, fordi me slapp å gå svoltne, så vil eg likevel tru det er fleire med meg som såg fram til kake-pausen på barnekor eller søndagsskule med glede. 
Eller som mang ein gong har sett fram til kyrkjekaffien om preika skulle bli litt lang. 

Er då maten eit lokkemiddel? Nei, det er eit synleg teikn på kristen omsorg for våre medmenneske. Og det å dele eit måltid er også eit teikn på at vi høyrer saman. 
Derfor er det også viktig at bodskapen er der, ordlaus: Dette er ikkje noko du kan betale deg til eller gjere deg fortent til. Det får det fordi du er her, og er velkomen til å høyre til. 

Inne i «velkomen» finn vi det vesle, men viktige ordet: Kom. 
Kanskje er det eit av dei viktigaste orda i kristendommen. 
Eg er av dei som trur det også går ein viktig veg frå kaffibordet til nattverdsbordet. 
Før vi deler brød og vin, lyder det alltid «Kom, for alt er gjort ferdig».
Alle Guds gåver, gitt deg gjennom Jesus Kristus, vert rekt deg, og du er alltid velkomen til å høyra til hjå Gud.

I kyrkjene på søndag kjem det derfor nok ein gong til å lyda: 
«Kom, lat oss venda om til Herren!» (Hosea 6)  Og frå Jesus sjølv: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile.»

Alle velkomne! 
Kjell Olav Høstaker Nordheim
Soknepresten i Askvoll sokn

  
Av: Joy   Publisert: 31.07.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no