Den Norske Kyrkja
Fjaler sokn
Meny

Framsida

KALENDER

søndag 6 desember
16:00 Lysmesse
Guddal kyrkje
19:00 Lysmesse
Folkestad bedehuskapell
søndag 13 desember
Dale kyrkje
Folkestad bedehuskapell
fredag 18 desember
Dale kyrkje
Dale kyrkje
torsdag 24 desember
Folkestad bedehuskapell
Guddal kyrkje
Dale kyrkje
fredag 25 desember
Dale kyrkje
torsdag 31 desember
Dale kyrkje
søndag 10 januar
Folkestad bedehuskapell
Straumsnes grendahus
torsdag 14 januar
søndag 17 januar
Dale kyrkje

Velkomen til dåp!

Eit felles ja
Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.

Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.

For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur. Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen. Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre. Gjennom dåpen blir vi alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge.

Pga smittervernreglane kan det bli eigne dåpsgudstenester dersom dåpsfylgjet tel mange personar eller lokalet er lite.

Ta kontakt med kyrkjekontoret ved å sende epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no eller ringe 57739770 for å avtale dato eller for å få vite meir om dåp.

Velkomen til dåp!


Av: Joy   Publisert: 02.06.2020
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen.