Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
27 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
04 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
18 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
01 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
15 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
22 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
29 November
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Desember
16:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Helgetankar: Dua i krossen

«Himmel & Hav» er eit fint kurs- og misjonssenter som ligg heilt nede ved Solastranda. Nordsjøen er næraste nabo, likeeins byane Stavanger og Sandnes. For fleire år sidan, då eg var på eit studieopphald, kjøpte eg ein spesiell trekross dei selde der. Innskrifta på ein lappe på baksida var denne: «Tjorakorset, ett av fleire steinkors som ble reist ved middelalderkirken på Sola, ca. på 900-talet. Ca 2m. høgt og 1,35 m bredt. «Dua i korset» S. Hagen»

I dette området kom tidleg dei første kristne impulsane frå vest til landet vårt. Ein av dei to krossane som står på kyrkjegarden på Tjora i dag, er forresten uthoggen i Hyllestad, noko ein ser av den særmerkte granatglimmerskiferen. Denne har sannsynlegvis kunstaren teke utgangspunkt i. Det særmerkte ved trekossen er at øverst på den er det prega inn ei due som kjem ovanfrå.

På ein framifrå måte understrekar dette også teksten og bodskapen for søndag før pinse.
Joh.15,26-27: «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. Men de skal og vitna, for de har vore med meg frå første stund.»

Jesu avskjed og gjerning
Teksten er henta frå avskjedstalen til læresveinane, som Jesus heldt før han gjekk bort til kross og død. Den er lang, men svært innhaldsrik og omsorgsfull. Han vil trøyste urolege læresveinar, men han førebur dei og på at dei kjem til å møte motstand. Like fullt: Det vonde som skal skje ved at han må døy på krossen, det er uttrykk for ei stor gåve som Far vil gje til alle menneske gjennom Jesu gjerning. Dei to bjelkane i krossen, syner og to viktige retningar: Den himmelske gåva ovanfrå, og den gode bodskapen ut til heile vår jord! «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne …» (Joh.3,16)

Dua er Den Heilage Ande
Då Jesus tidleg i si gjerning vart døypt av Johannes, står det: «Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.» (Matt.3,16)

Liksom det er mange namn på Jesus i Bibelen, er det og mange namn på Den heilage Ande: Jesus nemner to berre her i den korte teksten: Talsmannen og Sanningsanden. «Kjært barn har mange namn» heiter det, og sjølv om pinse og den heilage Ande kan vere litt diffus for mange, er det den som gjer Jesus stor for oss, og syner oss alt me har å takke Jesus for! Han er Talsmannen, som kan føre den gode sak for oss. Sanningsanden syner oss Guds gode vilje med liva våre, slik me møter den i Bibelen. Den gjev og gode frukter: «Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, truskap audmjukskap og sjølvdisiplin.(Gal.5,22). 

Luther sa det ein gong slik: «Anden si gjerning er å føre oss til Jesus og lære oss å tru på han» Då læresveinane fekk Den heilage Ande, skapte det ein brann i hjarta deira etter å vitne om Jesus. Denne brannen ønskjer Gud å skape gjennom sin gode Ande, også i dag.

Denne søndagen skal me få starte opp igjen med gudstenester i mange av kyrkjene våre Hos oss i Hyllestad er minikonfirmantane særskilt inviterte. Dei skal få sjå ein liten video, som er laga av nokon som bur nær Solastranda: I sangen vert det sunge: Du har fått ei gåve. Del det du har! 

I dåpen vart me teikna med Jesu krossmerke, og me fekk den Heilage Ande. I verda me bur, kan me få dele tru, tid, ting me har fått, talent og evner, heiter det vidare i sangen. I krevjande tider me no har, kan det vere ei bøn for oss på ny, at Gud kan vise oss alle dei gode skattane me har i trua. I den litt nyare sangen, me skal synge søndag , kjem dette og så fint fram.

Som vinden stryk om mine kinn,
slik er han, Heilagandens vind
Han strøymer om meg, alltid nær,
han hjelper meg å leve her.
 
Lik lufta som eg andar inn,
slik er han, Heilagandens vind.
Han fyller kvart eit andedrag
og gir meg krefter dag for dag.
 
Og Andens frukt skal vere fred
og glede, kjærleik følgjer med,
eit trufast og tolmodig sinn,
det skapar Heilagandens vind.

Høyr, Anden blæs kvarhelst han vil,
i sterke kast, og mjuk og mild.
Kom blås og gi meg trua no,
lat Andens frukter i meg gro.
(NoS 521)      

God helg!
Audun Systad, sokneprest i Hyllestad

  
Av: Joy   Publisert: 22.05.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no