Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
31 Mai
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
07 Juni
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14 Juni
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
28 Juni
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
19:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
12 Juli
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
26 Juli
14:00 Gudsteneste i Korssundkrossen
09 August
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
23 August
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Guddal kyrkje
30 August
11:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
06 September
10:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Dale kyrkje

 

Om ei lita stund…

Mitt ferieparadis i oppveksten var på småbruket til besteforeldra mine i Vest-Finnmark.  Det var alltid med stor sorg eg måtte forlate sommarparadiset for å ta til att på skulen.  Men det var litt trøyst å høyre Kirsti Sparboe si kraftfulle stemme ved ferieslutt: «En sommer er over, men vi skal ses igjen til neste år…».  

Dagen før sin død, førebur Jesus sine vener på at han skal forlate dei, men om ei lita stund skal dei få møte han att.  Dei skjønar ikkje kva han snakkar om.  Men nokre dagar etter får dei vite det – at han har stått opp av grava og sigra over døden.  Og 40 dagar etter, det vi i dag kallar Kristi Himmelfartsdag, tek den oppstadne Jesus eit endeleg farvel for å vende attende til sin Far, som han seier det.

Sidan har det gått 2000 år.  Bestemora mi pleide å seie at Jesus kjem snart.  Ho trudde orda til Jesus då han sa: «Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.» (Joh 14,3)  Ho døydde i 1989.  Kanskje blei ho tatt imot og kom til den staden Jesus hadde gjort klar.  

«Om ei lita stund..»(Joh 16,16)  Kan Jesus meine dette om tida etter Kristi Himmelfartsdag òg – at han skal kome om ei lita stund?  I gravferdsritualet kan vi lese frå salme 90:  «For tusen år er i dine auge som dagen i går då han fór framom, eller som ei nattevakt.  Lær oss å telja våre dagar så vi kan få visdom i hjartet!»  Tida er eit merkeleg fenomen – frå æve til æve.

Jesus sa:  «Eg har gått ut frå Far og er komen til verda.  No dreg eg bort frå verda att og går til Far.» (Joh 16,28)  «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg.» (Joh 15,26)

Vi lever i Den Heilage Anden si tid.  Hos Johannes er han også omtalt som Talsmannen og Sanningsanden.  Eg hugsar då eg studerte, blei vi utfordra til å forklare kven Den Heilage Ande er.  For meg gav det mykje meining å omtale Den Heilage Ande som avløysaren til Jesus på jorda, Jesus usynlig til stades som bur i hjarta til menneska.  Slik Jesus sjølv seier det:  «Men Talsmannen, Den Heilage Ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk.» (Joh 14,26)

Vi lever i kyrkja si tid.  Vi ventar.  Vi gjer det som Jesus sa.  Vi held gudsteneste.  Vi les frå Bibelen, om det Jesus vil vi skal gjere.  Vi døyper.  Vi feirar nattverd.  Mens vi ventar… 

I denne tida er Jesus sitt nærvær usynleg for oss, men likevel nær overalt og i alle augeblikk.  Gjennom livet sine vekslingar.  Likevel er lengta der etter å få møte Jesus som han var før Kristi Himmelfartsdag. 

Kyrkja er solidarisk med oss som er undrande og spørjande.  Kyrkja håpar.  Kyrkja trur.  Kyrkja byggjer opp.  Kyrkja gjer oss heile.  Kyrkja stoler på at det er nokon som kan bære oss.  

«.., men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.» seier Jesus.

Joh 16,22

Sokneprest Knut Arne Kummeneje

  
Av: Joy   Publisert: 30.04.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no