Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
27 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
04 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
18 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
01 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
15 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
22 November
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
29 November
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Desember
16:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Den gode gjetaren

Helgetankar frå Audun Systad, sokneprest i Hyllestad – for 3.søndag i påsketida.

«Den finaste tida på året er i gang» stod det under eit lesarbilete i ei av lokalavisene nett i dag. Biletet synte eit nyfødd, lite lam. Sårbart, men uendeleg vakkert. Synet av det og mange andre under, fortel oss om livsprosessane som ikkje stansar, men som kan glede oss, også ein spesiell vår som denne. Nettopp komme inn frå ein tur ute, såg eg kusymra som blomstrar, påskeliljene i all si prakt, kanadagåsa ved sjøen, og det vesle lammet i vår vakre natur denne flotte vårdagen!

«Vårens vakraste eventyr». Det er ei overskrift me ofte ser på denne tida av året. Ikkje minst kombinert med bilete av kvitkledde konfirmantar på deira viktige høgtidsdag. Slik vert det ikkje denne våren. Konfirmasjonane er utsette. «Det var skikkeleg dumt», som ein sa, «akkurat i år»! Kor mykje gale kan eigentleg eit virus gjere? Spørsmåla står på rad og rekke i denne tida. Det er heilt naturleg. Det gjer dei for oss alle, meir eller mindre. Det er så mykje som er blitt endra på kort tid.

Er det ikkje noko som står fast? Ei hand å halde i? Ei livbøye i stormen? Ein kjepp og ein stav som kan føre meg på rett veg? Kanskje teksten denne helga kan minne oss om noko viktig? 

Teksten for søndagen står i:  Joh 10,11-18

«Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene». Slå opp og les! Jesus tok fram så mange fine bilete i si forkynning. Dei er og til deg og meg i dag, ja, ikkje minst i dag! Ei vill og utilgjengeleg øydemark, der farane låg på lur. Det var assosiasjonane for tilhøyrarane på Jesu tid. Å gå ved bratte stup og djupe vatn, kanskje nett nokon av oss kjenner på det i dag? Midt i det uendeleg vakre rundt oss, kan desse tankane våre komme nett no. Ei tid har me kjent litt på angsten for ulven her i bygdene våre. Plutseleg var den nærare enn på mest hundre år.  Så vil eg ikkje legge opp til ein ulvedebatt her, berre peike på at biletet som Jesus brukar, det var kjent. Veldig kjent, i det samfunnet han levde i den gongen. Stamfedrane hadde vore gjetarar; så vel Abraham, som Moses og ikkje minst David. Han  skreiv salme 23, den mest kjente av alle : «Herren er min hyrding» Ta og les! ( Som den vesle jenta sa til den då sekulære  kyrkjefader Augustin. Det rådet endra livet hans!).

Bakgrunnen for Jesu forteljing var at så ofte hadde folket blitt svikta av dårlege hyrdingar og leiarar. Resultatet var at dei var blitt offer for det me i dag kan kalle omsorgssvikt, utbytte og det å bli oversett. Ein av profetane hadde sagt at ein gong skulle Gud sjølv syne seg som folket sin sanne gjetar: «Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.»(Esekiel 34,16). Jesus kom og oppfylte dei lovnadane då han gav seg sjølv for oss på krossen. Han sette livet til for oss! Han synte seg som sigerherren over dei vonde kreftene som vil øydeleggje: synd, sjukdom og død. Han stod opp igjen har vi på nytt fått høyre denne påska. Han er kyrkja sin Herre.
Kvifor kan han ikkje då avskaffe koronaviruset med ein gong? Dette er naturlege spørsmål, og ei heil verdsvid kyrkje ber for det. Det han gjer, midt i alt , denne tida, er å by oss inn til sitt gode samfunn, slik han alltid har gjort det: I krig, i pest, i forfølging, i gode og vonde dagar. Han veit om det som vil øydeleggje. I dag har vi digitale verktøy som aldri før. Dei kan knyte oss saman og vere til hjelp, men dei kan og øydeleggje, binde og innehalde farar og freistingar. Jesus, den gode gjetaren er og heldigvis tilkopla på nett. Hans gode ord kan me søkje oss til der. «Han fører meg til vatn der eg finn kvile». Så er og mange hans gode hjelparar, i omsorg for sjuke, med trøysta sine ord, som gjev håp og styrke. 

Opp gjennom hundreåra har menneske før oss måtte leve med epidemiar, krig og mange spørsmål. Då har dei ofte stilt spørsmål: Kva kan gje oss fred og styrke midt i alt? For mange har svaret blitt: Den gode gjetaren som det er verd å følgje. For han var og er annleis enn alle andre; både Gud og menneske. Han gjev oss eit håp, som ikkje dødsrikeportane har makt over.

Så avsluttar eg her. Biletet under er av den gode gjetaren på mitt barndoms bedehus. Når talane kunne bli lange, og eg mest sovna, kunne eg kaste eit blikk opp på det bildet. Eit glansbilde vil nokon seie. Er vi ikkje ferdig med dei? Eller «kan det hjelpe å gå inn i historier som har gitt styrke til mennesker i snart to tusen år» (sitat frå leiar i VG påskeafta 2020). Ja, det trur eg, nett i desse korona-tider! Det finst ein som er annleis enn alle verdens leiarar og hyrdingar , som kan svikte, slik du og eg kan gjere og gjer.  Det er orda hans vi lever av i kyrkja helg etter helg, år etter år. Måtte dei styrke oss og gje oss nytt mot nett no. God helg!
   

Ei bøn frå Norsk salmebok s.1185
NÅR OMSORGEN SVIKTER
Gud, du som har særlig omsorg for alle som lider;
Vi ber deg for barn og unge i landet vårt som ikke får den 
omsorgen de trenger.
Vi ber for alle som blir oversett,
for alle som blir slått eller misbrukt
Send voksne i deres vei som ser og forstår, og som våger å hjelpe.
Åpne våre øyne, så vi ser og forstår og våger å hjelpe
(Finn Wagle)

Salme for helga: nr 482 i NoS:
Deg å få skode er sæla å nå,
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du det levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!

Foto: Mel Dickson

  
Av: Joy   Publisert: 24.04.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no