Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
23 August
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
30 August
14:00 Gudsteneste i Straumsnes Grendahus
20 September
19:00 Musikkandakt i Folkestad Bedehuskapell
27 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste i Dale Kyrkje
04 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
18 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje

 

Ein betre vår ein gong


For mange er våren den finaste årstida. Vi lengtar etter lyset og varmen, ikkje minst dei gode luktene frå alt som spirer og gror. Fuglane syng og kvitrar igjen.  Det er slik det skal vere. Slik er våren.

«No livnar det i lundar» er skriven av Elias Blix. Salmen er enkel med heimslege ord og vendingar, og gjer våren til ei sakral høgtid, i takksemd og vørdnad over alt det vakre rundt oss. Menneska kjem ut av husa sine og gleder seg over at «atter som eit under, nytt liv av daude gror».

Det er sikkert mange i dag som lengtar etter det vanlege livet, lever i håpet om at det skal bli slik igjen. Kvardagane handlar om noko godt.  

Dei kvardagslege orda i salmen til Blix uttrykkar også ei religiøs tru og kjensle. Bileta frå naturen får ny glans og meining i håpet om ei framtid. Elias Blix vil fortelje om ein stad som er lik den vi kjenner no, men samstundes heilt ny.  Ein av grunnane til at vi elskar det vi no har, er kanskje at det av og til liknar på det som skal kome:

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong.  

Knut Arne Kummeneje
 
http://www.fjaler.kyrkja.no/img/10_08_2018_Illustrasjonar/vaar_JoyTaylor.jpg

  
Av: Joy   Publisert: 24.03.2020
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps #127523 Fjaler sokn
Vipps #557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no