Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
25 August
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
01 September
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Straumsnes Grendahus
08 September
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
22 September
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
29 September
11:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Dale kyrkje
06 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
20 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
27 Oktober
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
19:30 Konsert, Dale kyrkje

 

Di stemme tel i Kyrkjevalet

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i Kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.

Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrkja? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 
Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved Kyrkjevalet 8.-9. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til og kommunestyre og fylkesting og i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Førehandssrøysting
Du kan også stemme på førehand frå 10. august til 6. september på Fjaler kyrkjekontor. Opningstid for førehandsrøysting blir tysdag og onsdag kl. 10.00- 13.00, fredag kl.10.00 – kl.12.00. 

Det blir førehandsrøysting på Fjaler sjukeheim mandag 2. september.


To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. 
Til soknerådsvalet i Fjaler har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til soknerådet og leie kyrkjelyden dei fire neste åra. Dette er eit fleirtalsval, der du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.
Ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet i Bjørgvin stiller Bønnelista, Nominasjonskomiteen og Åpen folkekirke lister. Dette er eit forholdstalsval, der den endelege samansetjinga av rådet speglar både kor mange stemmer som gjekk til kvar enkelt liste og til kvar kandidat. Veljarane kan gje ekstra stemme til tre kandidatar og i tillegg flytta over inntil tre namn frå andre lister til den lista dei stemmer på.
Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkje. 

Frå juss til gudsteneste
Arbeidet til soknerådet og bispedømerådet spenner over mange tema. Det kan vere barne- og ungdomsarbeid, juss og økonomiforvaltning, tilsetjingar, gudstenester, miljø og rettferd, omsorg, musikk og misjon. Råda skal sørgje for vekst og næring til kyrkja og lokalsamfunnet der du bur.
Fyrste veka i august får alle medlemene i Den norske kyrkja eit valkort og ein brosjyre om valet. Følg med i postkassa, møte opp og stem!  
Les meir om kandidatane til begge vala i kyrkjebladet, her på www.fjaler.kyrkja.no eller på www.kyrkjevalet.no 

Godt kyrkjeval!


Visste du at …

· Ved kyrkjevalet i 2015 stemde 520 323 kyrkjemedlemer. Det var ei rekorddeltaking på 16,7 prosent.
· Ca. 3,1 millionar nordmenn har rett til å stemme ved Kyrkjevalet 8.-9. september.
· Du må vere døypt for å vere medlem i Den norske kyrkja.
· Ungdom har stemmerett i Kyrkjevalet frå året dei fyller 15. 
· Eit sokneråd har 4-10 medlemer, i tillegg til soknepresten. Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er også aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet. 
· Til saman skal 7.000 rådsmedlemer blir stemde inn i Kyrkjevalet 2019.


  
Av: Joy   Publisert: 21.05.2019
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Vipps: 557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no