Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
20 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
27 Oktober
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
18:00 Konsert i Dale Kyrkje
03 November
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
17 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
24 November
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
01 Desember
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
08 Desember
16:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
19:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
13 Desember
19:00 Konsert i Dale Kyrkje
15 Desember
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje

 

Blir du med å styre kyrkja i Fjaler?

8. og 9. september er det val på nytt sokneråd, og fram til 13. april kan du påverka kven som skal stå på lista over kandidatar.

Forslag til kandidatar til soknerådet kan, innan 13. april 2019, meldast til nominasjonskomiteen i Fjaler sokneråd ved Evelyn Åsnes, tlf. 917 37 076 eller Hanne Ulvatne Igelkjøn tlf 975 74 341. Medlemer av Den norske kyrkja som bur i soknet og som seinast i 2019 fyller 18 år, kan veljast.

I ein travel kvardag med jobb, familie og arbeidsoppgåver som skal gjerast, vil folk ofte vegre seg for å seie ja til nye verv. For fritida er viktig, den er dyrebar, og vi vil helst styre den utan plikter. Dette respekterer vi, men vi både treng og håpar at folk likevel vil engasjere seg i kyrkja.

Kyrkja er viktig i samfunnet vårt:
Det gamle kyrkjebygget har særpreg med mektig arkitektur
- Den ligg fint og praktisk plassert i bygda, og har historisk verdi
- Den har stor estetisk verdi og er vår kulturarv
- Kyrkja gjev oss identitet og tilhøyrighet
- Kyrkjerommet gjev oss samhald og opplevingar
- Seremoniane i kyrkja får fram alle følelsane i oss menneska. Her opplever vi glede og sorg. Vi kan vere deltakande eller lytte og filosofere. Sitje i eigne tankar, kjenne på frustrasjon, stoltheit, meistring eller ro og harmoni.
- Kyrkjeaktivitetane er med på å gi samfunnet mangfald, vi treng ulike aktiviteter til ulike menneskjer, men vi treng og å delta på ukjende arena for å lære
- Og sist men ikkje minst, musikkopplevingar og konsertar, det treng vi i ein travel kvardag. 

Når vi opplever dei lykkelegaste stundene i livet, som å finne den store kjærleiken, og å bli foreldre, er seremoniane i kyrkja, bryllaup og dåp, dei største høgdepunkta. Av kjærleik vert ein sterk, så sterk at ein kan klare å takle sorg. Og når ein opplever det verste i livet som å miste våre nærmaste, er kyrkja staden der ein får styrke i tankar og samhald til å gå vidare. Mellom desse ytterpunkta, den høgste gleda og den djupe sorga, kjem dei fleste vanlege sundagane i kyrkjeåret. 

I Fjaler kyrkja arbeider fagpersonar som er svært dyktige. Dei er kreative og får kyrkjelyden engasjert med på gudstenestene. Det gjev mange ulike opplevingar for både dei som deltek og dei som er tilhøyrarar. Mang ein gong har vi stolt og beundrande høyrt borna delta i kor, opplesing, dramatisering, dans, nattverd og anna. Og når born og ungdom deltar kjem kjensla av å meistre og å høyre saman, som er eit ledd i utviklinga til gode samfunnsborgarar.

Fjaler sokneråd er godt organisert, og har ei framifrå dyktig kyrkjeverje. Rådet har engasjerte og saklege medlemmar. Humor og latter er likevel viktige ingrediensar på møta, som vert haldne omlag seks gongar i året. 
Det vert gjort velformulerte og gode vedtak i sakene.
I soknerådet treng vi ulike personar i ulike alder, og ikkje tenk: «Eg er ikkje kristen nok, går ikkje i kyrkja kvar sundag, kva vil dei andre tru om eg er i soknerådet.» Står du i statskyrkja, så kan du ver med. Tenk kor viktig det er å bidra, slik at våre born får dei verdifulle opplevingane som vi fekk. Det er vårt ansvar om aktivitetane skal fortsette, eller stoppe med neste generasjon. Vi ønskjer at kyrkja skal vere ei folkeleg kyrkje som har rom for alle.

Årsrapportar og andre skriv seier noko om kva saker som vert drøfta. Ein får faktisk også betalt for å vere med i soknerådet.

Som vi sa i starten: Blir du spurt, eller har du ønskje om å vere med i soknerådet, så ikkje nøl, sei ja!

God val!
Helsing, nominasjonskomiteen

  
Av: Joy   Publisert: 22.03.2019
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Vipps: 557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no