Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
20 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
27 Oktober
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
18:00 Konsert i Dale Kyrkje
03 November
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
17 November
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
24 November
11:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
01 Desember
19:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
08 Desember
16:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
19:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
13 Desember
19:00 Konsert i Dale Kyrkje
15 Desember
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje

 

Velkomen til dåp!

Dåp i kyrkja. Den vesle i lang, kvit kjole blir boren opp framfor kyrkjelyden. Familie og fadrar er til stades i benkeradene. Kvifor velje dåp for den vesle? Kvifor invitere til feiring av babyen – og samle slekt og venner?
Dåpen er ein tradisjon for mange, og ved å velje dåp gjer ein eit val om å vere ein del av ei høgtid som menneske gjennom generasjonar har teke del i. Med dåpen blir det sett ei verdig ramme rundt ei viktig hending.

http://www.fjaler.kyrkja.no/img/10_08_2018_Illustrasjonar/daap_DSC07821.jpgDåpen er byrjinga på eit livslangt fellesskap med Gud – og med kristne over heile verda. Små barn vel ikkje anna enn det foreldra vel for dei – anten det eine eller det andre –, og for å oppleve kva tru er, treng dei hjelp. Etter kvart som barnet veks, må trua få mognast i takt med barnet. Det er byrjinga på dette livsvalet det blir lagt til rette for når liten og stor blir pynta for ein festdag med startskot i kyrkjerommet.
Men kva seier vi eigentleg ja til i dåpen? Kva handlar det heile om?

Eit felles ja
Dåpen er Guds gåve. Det er ei ja-handling. Og først og fremst er det Gud som seier ja. Heilt frå første dag har Gud sagt ja til barnet. Gud elskar alle, alltid og utan atterhald.
Og foreldre og fadrar seier ja. Ved døypefonten svarar de ja til at den vesle skal høyre til kyrkja og vekse opp med den kristne trua. De seier ja til å lære barnet om trua og kva trua har å seie for livet. Men dette står de ikkje åleine om.
For kyrkja seier òg ja. Når barnet blir døypt, blir det medlem i Den norske kyrkja og ein del av fellesskapet i kyrkjelyden der de bur.
Barnet vil jamleg få tilbod om å lære meir om kyrkja og trua, tilpassa alderen.
Kyrkja seier ja til å inkludere barnet dykkar i trygge og gode aktivitetar der det blir kjent med Gud, seg sjølv og andre.
Gjennom dåpen blir vi alle ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda og gjennom alle tider. Det er ein augneblink som varer lenge.

Når barnet ikkje lenger er bitte lite
Det er ikkje alle som har overskot eller rekk å døype barnet medan det er så lite at det passar inn i ein tradisjonell dåpskjole. Men det er ingen regel for kor lite eit barn må vere for å bli døypt. Barn i alle aldrar, ungdommar og vaksne er alltid velkomne til dåp. Dåp gir medlemskap i Den norske kyrkja.

Kontakt oss
Ta kontakt med kyrkjekontoret ved å sende epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no eller ringe 57 73 97 70 for å avtale dato eller for å få vite meir om dåp.

Les meir om dåp på www.kyrkja.no.

Hent skjema her.




  
Av: Joy   Publisert: 07.11.2018
 

Kyrkjeblad og årsmeldingar »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Vipps: 557133 Kyrkjeblad

Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokn. Powered by KWeb fra kirkedata.no