Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
18 November
11:00 Familiegudsteneste i Dale Kyrkje
25 November
11:00 Familiegudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
02 Desember
19:00 Familiegudsteneste, Dale kyrkje
09 Desember
16:00 Familiegudsteneste, Guddal kyrkje
18:30 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
16 Desember
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
16:00 Konsert i Hellevik Bedehuskapell
18 Desember
19:30 Konsert i Dale Kyrkje
24 Desember
13:30 Gudsteneste, Guddal kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
15:30 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
16:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
25 Desember
12:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
26 Desember
11:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

TV-Aksjonen 21. oktober

TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjon. Gjennom TV-aksjon i år skal vi skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Pengane som blir samla inn skal skape 700.000 møte mellom menneske.

Noreg er eit samfunn der skilnad mellom folk aukar. Skilnader som ikkje fyrst og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er. Men om du er innafor eller utanfor.

Det er mange måtar å vere utanfor på. Frå å mangle ei seng å sove i, til å vere utanfor i arbeidslivet eller sosiale fellesskap. Dette råker ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknader for heile folkesetnaden.
Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skape møte som kan redde liv. Ved å opne dørar og legge til rette for at fleire kan møtast, skal vi vise kvifor TV-aksjonen i år er viktigare enn aldri før. Vi skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik  bidra til at fleire får sjansen til å oppnå eigne mål og draumar.

Dette går pengane til:
Kom inn for natta – akutte behov 
Alle menneske som oppheld seg i byane våre skal få dekka basisbehov som mat, ei seng å sove i og tilgang til toalett. Kirkens Bymisjon skal etablere fleire akuttovernattingar. Her tilbyr vi dei som treng det aller mest ein turr, trygg og varm stad å sove innandørs. Vi skal også etablere enkle matstasjonar som skal servere minst eitt varmt måltid om dagen til menneske som elles har få stader dei kan kome innandørs og ete varm mat. Vidare skal aksjonsmidlane sikre at fleire byar har eit sanitærtilbod som toalett, dusj og vaskemaskin. Dette er spesielt aktuelt for fattige tilreisande personar.

Kom inn i kvardagslivet – deltaking
Med TV-aksjonen i år skal Kirkens Bymisjon skape arbeidsplassar til menneske som av ulike grunnar fell utanfor det ordinære arbeidslivet. Vi ser at mange ønsker å jobbe, men at krava i det ordinære arbeidslivet blir uoverkommelege. Uansett om rus, psykisk helse eller fråfall i skulen gjer at ein fell utanfor, er dette menneske som lengtar etter å delta. For mange kan det å kome i arbeid bety mindre rus, jamnare døgnrytme og betre livskvalitet.
Ved å etablere fleire kafear for folk med ruserfaring eller dårleg psykisk helse, ønskjer vi å bidra til auka livskvalitet for menneske i ein utfordrande livssituasjon. Kafeane skal vere ein stad der alle kan oppleve fellesskap, ete næringsrik mat, få kvile og informasjon om andre delar av hjelpeapparatet. 
TV-aksjonsmidlane skal også brukast på fritidsaktivitetar og utlån av fritidsutstyr slik at alle born og unge kan delta på minst éin fritidsaktivitet jamleg. Vi ser at mange born ønskjer dette, men korkje har råd eller tilgang. Med TV-aksjonen skal vi opprette fleire utlånssentralar og fritidsaktivitetar for born og unge.

Kom inn i samfunnet – inkludering 
Alle skal få moglegheit til å ta del i eit inkluderande fellesskap. Kirkens Bymisjon skal skape møte der innvandrarar kan ta del i fellesskapet og få vere ein ressurs i sitt eige nærmiljø. Dette skal vi gjere ved å organisere møte på tvers av generasjonar, og møte mellom norske friviljuge og innvandrarar som har vore kort eller lang tid i Noreg. Eit samfunn treng at fleire møtast, og Kirkens Bymisjon legg til rette for slike møte.

Kirkens Bymisjon ønsker å organisere fleire møte med innvandrarar som har budd i Noreg i kort tid, innvandrarar som har budd ei stund i Noreg, og personar med norsk bakgrunn. Målet er å bli kjende, få eit utvida nettverk, gjere ting saman, praktisere norsk og forstå dei norske samfunnskodane.
Med TV-aksjonen NRK kan vi skape møte på tvers av generasjonar og kulturar. Pensjonistar kan gi leksehjelp og språkopplæring til unge innvandrarar, som takker for hjelpen med aktivitet, gode måltid og hyggeleg selskap. Slik skaper vi gjensidige møte på nye arena.  

Dersom du er interessert i fleire konkrete tiltak og forklaringar på korleis pengane skal brukast, kan du sjå fullstendig oversikt på blimed.no

BLI MED PÅ VERDAS STØRSTE DUGNAD! 
Bli bøsseberar, ring 02025 eller gå inn på blimed.no

  
Av: Joy   Publisert: 14.09.2018
 

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står ofte i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no