Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
29 Juli
14:00 Gudsteneste, Korssundkrossen
05 August
20:00 Konsert i Dale kyrkje
12 August
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
26 August
11:00 Ungdomsgudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Ungdomsgudsteneste, Guddal kyrkje
02 September
11:00 Ungdomsgudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
09 September
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14 September
18:30 Konsert i Dale kyrkje
23 September
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
30 September
11:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Dale kyrkje
07 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Ledige stillingar!

Hjelp oss!!!
Vil du vere kyrkjetenar?
Ledige deltidsstillingar i heile Fjaler

Guddal kyrkje, Folkestad kapell og Hellevik kapell

Der blir utfordrande å avvikle gudstenester og andre kyrkjelege arrangement som gravferder og vigsel ved gudstenestestadane i Fjaler dersom ingen kjenner seg kalla til å hjelpe oss. Hovudoppgåvene til ein kyrkjetenar er arbeid ved tenestene, reinhald og tilsyn (tilsynet gjeld kyrkjene). Vi erkjenner at, på grunn av at det er få arrangement, er det ikkje ein jobb å bli rik av. Men det er eit svært viktig og meiningsfult arbeid der dine tenester vert høgt verdsette.

Gudstenestene er på søndagar og i høgtider og gravferder kjem når dei kjem.
Kan du gjere teneste i helgane, men ikkje ved gravferd i veka kan vi finne ei løysing.
Kan du gjere teneste ved gudstenestene, men ikkje ønskjer reinhald, kan vi finne ei løysing på det òg. Kanskje må den tradisjonelle kyrkjetenarjobben i framtida delast på fleire personar. Til dømes at to delar på å gjere teneste på arrangementa, medan ein tredje har ansvaret for reinhaldet. Vi henvender oss til folk i alle aldrar. Er du skuleelev eller pensjonist som har tid til ein liten jobb, og ynskjer ei lita biinntekt, så ta kontakt. 

Gudstenester januar - juni 2018:
Guddal kyrkje: 7 stk. & 1 stk. skule/barnehage. 
 Folkestad kapell: 9 stk. 
Hellevik kapell: 3 stk. 
Tal gravferder, gjennomsnitt siste 5 år: Guddal: 3-4, Folkestad: 6, Hellevik:2.

Fjaler sokneråd er eit offentleg organ og tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og KA sin hovudtariffavtale. Timeløn etter KA sin tariffavtale. Tillegg for arbeid på kveld, helg og høgtidsdagar. Kyrkjetenaren skal vere medlem i Den norske Kyrkja.

Ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Irene tlf. 99238420.
Vi må setje ein søknadsfrist som er 10. januar 2018.

Kyrkjegardsarbeidarane

Guddal kyrkjegard og dei to gravplassane i Ytre Fjaler, Folkestad og Hellevik, har trong for nokon til å ta seg av vedlikehaldet. Det gjeld i hovudsak slått i sesongen og tilsåing av graver. Graset må slåast om lag kvar 14 dag, og sesongen strekkjer seg normalt frå mai til september. Det kan sjølvsagt òg vere anna arbeid, som til dømes fjerning av gravminne frå graver som er ønskt sletta og noko snørydding ved kyrkjelege arrangement. Kyrkjegarden har eige utstyr som skal nyttast. Er du sjølvstendig næringsdrivande kan du få betalt etter rekning, elles er det timeløn etter KA sin hovudtariffavtale.

Ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Irene tlf. 99238420.
Vi må setje ein søknadsfrist som er 10. januar 2018.

Også Dale kyrkje treng kyrkjetenar – eitt års vikariat til 31.12.2018

30 % stilling er ledig frå januar 2018.

·         Kyrkjetenaren skal gjere teneste ved alle arrangement i kyrkja. Tal tenester er om lag: 34 gudstenester, 5 konsertar, 3 vigsler og 25 gravferder. 
 Gudsteneste annankvar søndag og ved høgtider. Barnehage og skulegudstenester.
Reinhald og tilsyn med kyrkja er òg ein viktig del av stillinga. 
 Kyrkjetenaren skal vere medlem av Den norske kyrkja.
Kyrkjetenaren må snakke norsk, vere punktleg, ryddig, høfleg, og ha gode samarbeidsevner. 
Tilsetjing og løn etter KA sin hovudtariffavtale. Tillegg for arbeid på kveld, helg og ved høgtider.

·         Innhaldet i kyrkjetenarstillinga kan bli vurdert fordelt på fleire personar om det passar betre. 
 Skuleelevar og pensjonistar kan òg melde si interesse.

·         Ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Irene tlf. 99238420 for meir informasjon.
Søknadsfrist 10. januar 2018.

Postadresse for søknadar på alle stillingane:
Fjaler sokneråd, Boks 18, 6961 Dale i Sunnfjord. E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no

  
Av: Joy   Publisert: 12.12.2017
 

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står som regel i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no