Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
22 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
29 Oktober
11:00 Gudsteneste, Hellevik Bedehuskapell
19:30 Gudsteneste, Dale Kyrkje
05 November
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
19 November
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
26 November
11:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
14:00 Gudsteneste i Straumsnes Grendahus
01 Desember
17:00 Konsert, Dale Kyrkje
03 Desember
19:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
10 Desember
11:00 Gudsteneste, Guddal Kyrkje
16:00 Gudsteneste i Hellevik Bedehuskapell
18 Desember
18:00 Musikkandakt i Folkestad Bedehuskapell
19 Desember
19:30 Konsert, Dale Kyrkje

 

Til alle 6-åringar!

I september har vi samlingar for 6-åringane i Fjaler. Dei får 6-årsboka i gudsteneste 1. oktober(sjå gudstenestelista), arbeidshefte og CD. På CD-en syng Dale barnekor songar frå 6-årsboka, i tillegg til aktuelle salmar som òg står i boka, og også andre salmar og liturgiledd. I brevet vi sender ut til 6-åringane er det ein spennande invitasjons-DVD som handlar om boka og kva som skal skje.

Mi kyrkjebok 6 handlar om Nora som nett har begynt på skulen. Heime leiker ho skule saman med veslebroren Bo. Bamsen og leikehunden er elevar saman med Bo. «Læraren» Nora lærer dei både å lese og å rekne. Teikne gjer dei òg. Men det mest morosame er likevel friminutta.

http://www.fjaler.kyrkja.no/img/20_01_2017_trusopplaering/6aarsbok.jpg

6-årsboka har forteljingar frå Bibelen, om Adam og Eva, om Josef og brørne. Vi får møte Jesus når han blir døypt, og den blinde Bartimeus får møte Jesus. Elles kan vi lese om det spennande som hende i påska og pinsa. Boka har mange fine bilete. Og songane har notar med besifring.

I arbeidsheftet er det mange morosame oppgåver å gjere, både å streke, teikne, og fargelegge. Det er mykje å finne ut av.

På samlingane får borna høyre forteljingar frå Bibelen, særlig frå Jesu liv, korleis han møtte menneske. Vi skal leike og synge. Borna vil også lære om bøn og nattverd. Vi skal smake på brød og vin, og øve på å gå til nattverd.

Alle 6-åringane i Fjaler blir invitert til ei laurdagssamling i Dale kyrkje der vi skal øve til gudstenesta ved å synge liturgi og salmar. Vi skal òg øve på eit drama om då Gud skapte himmelen og jorda der alle 6-åringane er med.

Vi som arbeider med opplegget for 6-åringane, tykkjer det er veldig kjekt. Vi ser at det er viktig at borna tidleg blir kjend med den kyrkja dei er døypt inn i. Sånn sett er det kyrkja si oppgåve å vere med og hjelpe foreldre og fadrar med å realisere ønsket om at borna skal lærast opp i den kristne trua.

http://www.fjaler.kyrkja.no/img/20_01_2017_trusopplaering/s.16_6aarsbok_DSC07836.JPG

  
Av: Joy   Publisert: 05.09.2017
 

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
IKO
»
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no