Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
18 Desember
18:00 Musikkandakt i Folkestad Bedehuskapell
19 Desember
19:30 Konsert, Dale Kyrkje
24 Desember
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
13:30 Gudsteneste, Guddal Kyrkje
16:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
25 Desember
12:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
26 Desember
11:00 Gudsteneste, Fjaler Sjukeheim
31 Desember
17:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
14 Januar
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
21 Januar
11:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
16:00 Konsert i Dale Kyrkje
28 Januar
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
04 Februar
11:00 Gudsteneste, Guddal Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Straumsnes Grendahus
09 Februar
19:00 Konsert i Dale Kyrkje

 

Ledige stillingar: Folkestad og Hellevik

Kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar i Ytre Fjaler 
Stillingane kan med fordel kombinerast. 
Ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde – tlf 99238420.

Kyrkjetenar ved Folkestad kapell og Hellevik kapell 
Begge kapella i ytre Fjaler er privateigde, og Fjaler sokn er leigetakar. Tilsyn og lett vedlikehald ligg såleis ikkje til stillinga.
Ansvar for reinhald og tilrettelegging av kapella til kyrkjelege handlingar. Kyrkjetenaroppgåver under handlingane. 
Tal gudstenester i kapella i ytre Fjaler vil vere avhengig av framtidige presteressursar i Fjaler, etter at biskopen snart skal ha ein gjennomgang av gudstenesteordninga for Fjaler. 
Aktiviteten har dei siste åra i:
Folkestad kapell lagt på om lag 24 arrangement. Årleg er det 15 forordna gudstenester på søndag og heilagdagar. Gudstenestene er fordelt utover året, med flest i mai og desember. I mai: konfirmasjon og 17.mai. I desember: lysmesse, skulegudsteneste og julaftan. I tillegg kjem teneste ved skulegudsteneste, snitt sju gravferder og kanskje ein vigsel.
Hellevik kapell lagt på om lag 10 arrangement: 8 gudstenester og i snitt 2 gravferder.


Gravplassarbeidar ved Folkestad og Hellevik gravplass
Drift og vedlikehald av gravplassen og tilhøyrande utstyr - inkludert snørydding ved kyrkjelege arrangement. Arbeid som klipping av gras, jamning og tilsåing av graver m.m. 

Felles for begge stillingane er at søkjar må snakke godt norsk, ha førarkort og disponere bil. Vi ønskjer ein omgjengeleg, praktisk anlagt, arbeidsvillig, positiv og løysingsorientert person med evne til å arbeide sjølvstendig. 

Kyrkjetenaren må vere medlem i Den Norske Kyrkja. 
Tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og KA sin tariffavtale.
Løn etter KA (www.ka.no) sin tariffavtale i lønsgruppe 1. Tillegg for arbeid på kveld, helg og høgtidsdagar. 

Søkjar som kan kombinere stillingar vil verte føretrekt. 
Søknadsfrist: 28. april 2017.

  
Av: Joy   Publisert: 11.04.2017
 

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no