Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
20 August
19:30 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
27 August
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Guddal Kyrkje
03 September
14:00 Gudsteneste i Straumsnes Grendahus
10 September
11:00 Gudsteneste i Folkestad Bedehuskapell
20:00 Konsert, Dale Kyrkje
24 September
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
19:00 Musikkandakt i Folkestad Bedehuskapell
01 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik Bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Guddal Kyrkje
08 Oktober
14:00 Gudsteneste, Folkestad Bedehuskapell
22 Oktober
11:00 Gudsteneste, Dale Kyrkje
29 Oktober
11:00 Gudsteneste, Hellevik Bedehuskapell
19:30 Gudsteneste, Dale Kyrkje

MISJONSPROSJEKT

Fjaler støttar to misjonsprosjekt i regi av NMSLandsbyutvikling i Mali og Senter for gatebarn i Egypt.

 

Ledige stillingar: Guddal

Kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar i Guddal
Stillingane kan med fordel kombinerast. 
Ta kontakt med kyrkjeverje Irene Fløde – tlf 99238420.

Kyrkjetenar ved Guddal kyrkje
Allsidig arbeid. Ansvar for reinhald og tilrettelegging av kyrkja til kyrkjelege handlingar. Oppfølging av HMT og enkle vedlikehaldsoppgåver.
Aktiviteten i Guddal kyrkje vil vere avhengig av framtidige presteressursar etter at biskopen snart skal ha ein gjennomgang av gudstenesteordninga for Fjaler. 
Aktiviteten har dei siste åra lagt på mellom 18 og 22 arrangement. Årleg er det 12 forordna gudstenester på søndag og heilagdagar. Gudstenestene er fordelt utover året, med flest i mai og desember. I mai: konfirmasjon og 17.mai. I desember: lysmesse, skulegudsteneste og julaftan. I tillegg kjem teneste ved skulegudsteneste, snitt eit par gravferder, kanskje ein vigsel og ein konsert.
I tillegg til teneste før og under arrangementa, må ein ha eit visst tilsyn med kyrkja mellom arrangementa. 

Kyrkjegardsarbeidar ved Guddal gravplass
Drift og vedlikehald av gravplassen og tilhøyrande utstyr - inkludert snørydding ved kyrkjelege arrangement. Arbeid som klipping av gras, jamning og tilsåing av graver m.m. 

Felles for begge stillingane er at søkjar må snakke godt norsk, ha førarkort og disponere bil. Vi ønskjer ein omgjengeleg, praktisk anlagt, arbeidsvillig, positiv og løysingsorientert person med evne til å arbeide sjølvstendig.

Kyrkjetenaren må vere medlem i Den Norske Kyrkja. 
Tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og KA sin tariffavtale.
Løn etter KA (www.ka.no) sin tariffavtale i lønsgruppe 1. Tillegg for arbeid på kveld, helg og høgtidsdagar. 
Søknadsfrist: 28. april 2017.

  
Av: Joy   Publisert: 11.04.2017
 

Se tidligere utgaver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
IKO
»
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no