Meny
Dåp - hent skjema
Konfirmasjon - meld deg på
Vigsel - hent skjema
Finn oss på Facebook
Til Ettertanke

Den som skattar små lukkestunder, samlar solstrålar til dei tunge dagane i livet.

Kalender
29 Juli
14:00 Gudsteneste, Korssundkrossen
05 August
20:00 Konsert i Dale kyrkje
12 August
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
26 August
11:00 Ungdomsgudsteneste, Dale kyrkje
14:00 Ungdomsgudsteneste, Guddal kyrkje
02 September
11:00 Ungdomsgudsteneste, Folkestad bedehuskapell
14:00 Gudsteneste, Straumsnes grendahus
09 September
11:00 Gudsteneste, Dale kyrkje
14 September
18:30 Konsert i Dale kyrkje
23 September
19:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell
30 September
11:00 Gudsteneste, Guddal kyrkje
14:00 Gudsteneste, Hellevik bedehuskapell
16:30 Gudsteneste, Dale kyrkje
07 Oktober
11:00 Gudsteneste i Dale Kyrkje
11:00 Gudsteneste, Folkestad bedehuskapell

 

Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg og gje deg fred!

4 Mos 6,25-26

 


Cantus_foto_Joy_Taylor.jpg
Jakob Sande konsert

Søndag 5. august kl.20.00 
I Dalsfjordveka inviterer Cantus til ein Jakob Sande korkonsert i Dale kyrkje. På programmet vil det vere to avdelingar med korsong, kjende dikt av Jakob Sande for det meste tonesatt og arrangert av lokale komponistar som Jørgen Alisøy, Jan Haugen, Karette Stensæth, Roar Gøksøyr Lillebø, Mark Taylor og Joy Taylor. Midt i konserten blir det ein økt med allsong.
Billettsal ved inngangen kr 150,-

Bøn for ferien

Herre, du har kalla oss til glede.
Arbeid åleine kan ikkje gjere oss
til heile menneske.
Gje oss auga for gleda i livet,
for fest og høgtid,
for kultur og kunst,
for leik og moro,
for samvær med menneske som vi er glade i,
menneske som treng oss
og ventar på at vi skal vere dei nær.
Herre, du har skapt oss for gleda,
gjer gleda vår fullkommen i deg!

Frå ei katolsk bønebok.

Her kan du lese Miljøfyrtårn sine tips for ein grønare ferie.
miljofyrtaarn.jpg
Kirkerådets personvernerklæring

Frå 1. juli gjeld EUs General Data Protection Regulation også i Norge.
Kirkerådet har formulert ei personvernerklæring som fortell korleis og kvifor Den norske kyrkje samlar inn og bruker personopplysningar. Reint praktisk betyr dette at du kan kome til å få meldingar frå Fjaler kyrkjekontor som ber om lov til å hente inn og lagre personopplysingar.

Klikk her for å lese heile dokumentet.


Les meir »
Orgelkonsert ved Mark Taylor

Søndag 10. juni kl.19.30
Opplev flott orgelmusikk i Dale kyrkje Det har gått 4 år sidan kantor Mark Taylor sist heldt ein solo orgelkonsert på det beste orgelet i Dalsfjorden. Innbyggjarane i Fjaler er heldige å ha ein profesjonell utøvande musikar i full stilling som kan tilby rike kulturopplevingar i nærmiljøet. Søndag 10. juni kl.19.30 kan du oppleve ein heiltimes variert orgelmusikk i Dale kyrkje. På programmet står ei mektig orgelmesse av den franske barokk komponisten François Couperin. Couperin var hoffkomponist og organist for Ludvig XIV på slottet Versailles utanfor Paris. Før symfonien kom, var ei orgelmesse det lengste musikalske verket, men Ludvig XIV likte ikkje lange gudstenester, så Couperin si messe har stort sett berre korte satsar. Musikken er variert: majestetisk og kongeleg, ofte prega av dans frå Frankrikes stordomstid, men Couperin kunne også skildre messeledda som handlar om miskunn med vakker og roleg musikk. Konserten er gratis, men det blir høver til å bidra til kyrkjelydens landsbyutviklingsprosjekt med NMS i Mali ved utgangen. Ikkje går glipp av denne hendinga i Dale kyrkje 10. juni!
Orgelkonsert_Dale_10.06.2018.jpg
konfirmant2019.png
Påmelding til konfirmasjon

No er det tid for påmelding til konfirmasjon. Knut Arne har sendt ut informasjonsbrev, men sjølve påmeldinga skjer via denne lenkja: https://minkirkeside.no/Fjaler.  Du registrerer deg først med mobilnummer, så får du tilsendt ein kode som du tastar inn. Ha klart personnummer, telefonnr og e-post til konfirmanten og foreldra/føresette samt stad og dato for dåp før du begynner. Du får også spørsmål om du vil reservere deg mot publisering av namn og bilete. Vi oppfordrar foreldre/føresette og konfirmanten til å gjere dette saman. Du kan logge deg inn igjen seinare med same mobilnr. om du må endre eller leggje til noko. Treng du hjelp, kan du ringe oss på 57739771.



Les meir »
konfirmantar_Bild_66.jpg
Konfirmanter 2018

Dale kyrkje 
Søndag 6. mai kl.10.00

Marthe Hove Bråtane
Tiril Eikevik Dyrstad
Hanna Sofie Askeland Hofstad
Elias Nyttingnes Høivik
Marie Ulvatne Igelkjøn
Eiliv Lindelid
Gaute Myklebust
August Pedersen Hovland
Anna Salbu
Maja Ullebø Skår
Emilie Olava Rabben Sletteland
Eivor Jeanett Solheim
Ingrid Sørland Solheim
Sivert Igelkjøn Åsnes

Dale kyrkje
Søndag 6. mai kl.12.00

Nikolai Horstad Eiken
Tori Fu Haugsbakk
Håvard Hovland
Fredrik Skiftesvik Høyvik
Othilie Håland
Ole Elias Håland
Jannike Myklebust
Fredrik Løveng Myklebust
Robin Oen Næss
Regine Boge Skadal
Jonas Alexander Skår
Viljar Standnes
Guro Hauge Ulvik
Elise Myklebust Øksenberg

Folkestad bedehuskapell 
Helgetorsdag 10. mai kl.11.00

Vilde Margrete Baug Barsnes
Torgrim Selvåg Espenes
Hanna Hugøy Furset
Ida Håvåg
Aurora Traa
Kent-André Vågenes

Guddal kyrkje 
Søndag 13. mai kl.11.00

Daniel Boge
Marie Kråkenes Langeland
Karoline Mandelid Sandøy
Sondre Mandelid Solheim


Les meir »
Paaskegudstenester_i_Fjaler_2018_nett_copy.jpg
Velkomen til påskegudsteneste!

Skjærtorsdag
Folkestad bedehuskapell kl.19.15 Mark Taylor spelar orgelkonsert av Johann Sebastian Bach.
kl.19.30 Gudsteneste. Offer til Strømmestiftelsen.

Langfredag
Dale kyrkje kl.19.30 Pasjonsgudsteneste.

1. Påskedag
Dale kyrkje kl.11.00 Høgtidsgudsteneste med musikkinnslag ved Cantus. Offer til Strømmestiftelsen.
Guddal kyrkje kl.16.00 Høgtidsgudsteneste.
Offer til Strømmestiftelsen. Kyrkjekaffi.

2. Påskedag
Fjaler sjukeheim kl.11.00 Gudsteneste. Alle er velkomne.
 
Alværastemnet

Søndag 3. juni – Alværa Misjonssenter – Lavik

11.00 Gudsteneste v. Jens Linde, sokneprest i Gulen. Offer til Alværa 
12.30 Middag  
14.00 Uteaktiviteter/utepause   
15.00 Ettermiddagssamling  
Kaffe og kaker etter samlinga

Middag med dessert og kaffe: kr. 220    Kaffe og kaker: kr. 80  
Middagspåmelding innan 28. mai til Alværa  
tlf.: 48 99 06 61 eller e-post: alvera@nms.no
Barn_sirkel_ElisabethMoseng.jpg
Velkommen til påskevandring!

Først er det ei samlinga der vi saman skal gå gjennom hendingane frå palmesøndag til påsketida.  Her får vi både smake, kjenne, sjå og høyre litt om korleis Jesus og disiplane opplevde desse spesielle dagane.  Set av tida og kom og ver med på eit kjekt opplegg saman med oss.  

Etterpå er det barnas påskegudsteneste. Påskevandrarane får ei spennande bok og får delta i gudstenesta.  

Guddal kyrkje - for 3.-5. klassingane frå Guddal skule:
Påskevandring tysdag 17. april kl.14.30.
Gudsteneste søndag 22. april kl.14.00.

Dale kyrkje - for 3. klassingane frå Dingemoen og Flekke skular:
Påskevandring laurdag 21. april kl.10.30 
Gudsteneste søndag 22. april kl. 11.00

Folkestad kapell - for 3.-6. klassingane frå Våge skule:
Påskevandring laurdag 28. april kl.12.30 
Gudsteneste søndag 29. april kl.11.00. 



Les meir »
 

Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Fjaler kyrkjekontor
Postboks 18
6961 Dale i Sunnfjord

Dalstunet
Dalsvegen 105A
6963 Dale i Sunnfjord

Tlf: 57 73 97 70
E-post: kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no 

Klikk her: KONTAKT OSS
for adresser til alle tilsette

Bankkonto: 3741 07 14567

Vipps: 127523 Fjaler sokn
Obs! Minnegåver ved gravferd bør sendast direkte til mottakaren - kontonummeret står som regel i dødsannonsen. 

Kirkesøk
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Å Herre, du har skapt oss til deg, og hjartet vårt er uroleg til det finn kvile i deg.
Augustin (354-430)
Copyright © 2015 Fjaler sokneråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no